Me gjentek suksessen frå i fjor …. Blir du med?

geit2013

No er sommaren like rundt hjørna og me har derfor valgt å køyre igang fjellgeit 2014 litt tidlegare i år enn i fjor. 1. juni skal postane vere oppe å gå og du vil kunne begynne og registrera poeng i konkurransen. Alle våre medlemmar vert automatisk påmeldt, så da er det berre opp til deg om du vil delta. Sidan alle på treningssenteret er påmeldt finst sjansen for at du hamnar på lista som til ei kvar tid vil bli oppdatert på hjemmesida. Dersom du ikkje ønskjer å stå på lista, kan du når som helst melde deg av konkurransen inne på din innloggnings profil til gruppetimane.

Fjellgeit 2014 er eit samarbeid med turlaget der me brukar deira postar rundt om i kommunen, heile 18 i talet. Dei ulike postane gir ulike poeng alt etter lengde og vanskelighetsgrad, i tillegg får ein poeng på alle timar/eigentrening inne på senteret. Kvar post er merkt med eit kodeord som skal sendast på SMS til 1933 (alle opplysingar står på kvar enkelt post). Pris pr. SMS er kr 3,-

Me avsluttar den 1. september med premiering av dei 3 sprekaste fjellgeitene, i tillegg trekker me ut nokon tilfeldige vinnarar som får kvar sin premie.

Snør på deg joggeskoa og ta deg ein tur anten inne eller ute!

Pass på at du alltid legg tilbake kortet i postkassen etter at du har lest koden. Ellers vil kortene fort bli øydelagt i regnet.

Turane som er med i konkurransen er:

Årdalstangen

Beregnet gangtid: 1 time

Start på toppen av «Blokkebakken». Gå mot Lavo til Tangen skule. Ta til venstre ved Lavo og følg god sti over moli til elva Lysa der postkassen er satt opp. Fin rundtur på Hæreidsida.

Beregnet gangtid: 2,5 timer

Parker ved Eldegardsfossen, og gå stien opp mot Eldegard. Du kan velja 2 stialternativ. Følg siten mot hisa i Eldagard og vidare oppover. Eller fortsette oppover, frå stien til Eldegard.

Beregnet gangtid: 1,5 timer

Me startar turen på stien bak Rådhuset og går vegen under kyrkja og fram langs elvi. Her kjem me inn på «gangstien til Loi». Postkassen er plassert på vegen mot «Steiggetunnellen».

Beregnet gangtid: 2 timer

Parker ved Årebru. Følg stien oppover dalen til garden Asperheim. Me oppfordrar dykk til ikkje å nyta gjennomgang mellom husa. Fin rundtur ved å gå ned att til sjøen på andre dalsida.

Beregnet gangtid: 1,5 timer

Start ved Klettebrua. Fin sti opp til Klettegarden der postkasser er sett opp. Fin tur får du og hvis du vår videre opp til Kletta. Vidare over bru, ned bivegen forbi strupane og Kaldesete.

Beregnet gangtid: 2 timer

Start ved skarpeste svingen over Åsete. ølg tømmerveggen og stien oppover. Fjellstølen til gardane låg tidligare lenger nede, grunna dei var plaga av bjørn. Derav navnet Nystølen.

Beregnet gangtid: 1 timer

Start ved vasskummen på «Tippen». Etter 5 minutter gange ved nokre svaberg tek ein til venstre (ikkje kryss elva). Turen går i slynger opp til Flaten. Litt lenger oppe ligg Lauvnessteinen. Her vart det lauva i gamal tid. Derav navnet Lauvnes.

Beregnet gangtid: 2 timer

Start ved busskuret når du kjem over brua. Følg stien under brua, forbi bommen og bilvegen inn til «Kraftstasjonen», følg traktorvegen til endes og fortset på sti fram til postkassen.

Beregnet gangtid: 2 timer

Parker ved Årebru. Følg stien langs med sjøen under Ridehallen. Fortset opp stien til enden av byggefeltet, der går du over på ein mindre sti. Følg denne stien opp til posten. Fin rundtur ved å gå ned att til sjøen på Asperheim sida.

Øvre Årdal

Beregnet gangtid: 1 time

Start frå Øvstetun gard og følg kjørevegen mot Turtagrø. Ta av ved brua (4 svingen) og følg god sti opp til flott utsikt mot Øvre Årdal, Årdalstangen og Nundalen.

Beregnet gangtid: 2 timer

Parker På Moabresten og start turen mellom saga og garasjen. Postkassen står ca. halvveges mellom Moa og Holsbru. Evt. ta bussen til Holsbru og gå Moadalen ned.

Beregnet gangtid: 1,5 timer

Start fra Lykkja i Utladalen. Eventuelt frå parkeringsplassen nedanfor Moa gard. Me oppfordra dykk til ikkje å nytta gjennomgang mellom husa på Moa.

Beregnet gangtid: 1,5 timer

Start ved fremste brua Dalen byggefelt. Gå gjennom bommen og følg stien ned til elva, og vidare stien ved elva fram til Ramsøyni.

Beregnet gangtid: 2 timer

Start ved parkeringsplassen ved Hjellefossen og følg kjørevegen framover mot Vetti. Ta av til venstre rett etter at du har passert 3. brua. Følg sti opp til Avdalen gard der postkassen står.

Beregnet gangtid: 1,5 timer

Her er tre startaltenativer. Frå Moa, trapp opp til Ytre Moa eller Lykkja. Posten er plassert rett etter du kjem opp på Ytre Moa, frå Moa.

Beregnet gangtid: 2,5 timer

Start ved parkeringsplassen ved Hjellefossen og følg køyrevegen fram til Flaten gard. Ta og med deg tur 8 på tilbakevegen.

Beregnet gangtid: 2,5 timer

Start ved parkeringsplassen ved Hjellefossen og føg køyrevegen fram mot Vetti. Ta av ved skilt merka med «sti til vetti», og følg stien til høgaste punkt. Retur kan du ta til post 7.

Beregnet gangtid: 1,5 timer

Start fra Øvstetun gard og følg køyrevegen mot Turtagrø opp til Melheim Gard. Eventuelt kan du gå alle svingenen ein veg og «snarvegane» andre vegen.