Påskekonkurranse på Årdal gym

Onsdag 12/4 arrangerte me påskekonkurranse på Årdal Gym. Det heile gjekk ut på at ein skulle prøve å klare så mange repetisjonar som mogleg på eit minutt. Mannfolka konkurrerte i pullups, dips og “toes to bar” og for damene var det konkurranse i pullups med strikk, armehevingar og “butterfly sit ups”. Arrangementet var svært vellykka, så dette vil ikkje vere siste gongen me køyrer denne type arrangement.

På herresida var det ganske jamt, men Daniel Grindedal Kvam stakk av med overall premien tilslutt. For damene så var det Iselin som stakk av med seieren. Overall premien er 2 månedar gratis trening + påskeegg med proteinrike varer. Veldig bra jobba av alle deltok! 

ISELIN SIN SCORE:
Pullups (ho hadde utan strikk): 18
Butterfly sit ups: 33
Armhevingar: 39

DANIEL SIN SCORE:
Pullups: 18
Dips: 41
Toes to bar: 21

Gratulera så mykje med seieren til begge to, og tusen takk til alle som møtte opp og deltok!