Seniorgruppa som gir 100%

For ein herleg seniorgjeng me har på gymmen! To gonger i veka har me timen Livskvalitet der 15-20 seniorar trufast møter opp til ei herleg treningsøkt.

Eldste er 85 år(!!), men det set ingen stoppar for å køyra på, både med boksing, knebøy, markløft, rep og mykje meir. Alltid lika blide og yte max på timane – veka etter veka!