Påskekonkurranse på Årdal gym

Onsdag 12/4 arrangerte me påskekonkurranse på Årdal Gym. Det heile gjekk ut på at ein skulle prøve å klare så mange repetisjonar som mogleg på eit minutt. Mannfolka konkurrerte i pullups, dips og "toes to bar" og for damene var det konkurranse i pullups med strikk, armehevingar og "butterfly sit ups".