Kontakt

Hjem/Kontakt

Om oss

Årdal Gym er eit moderne foretak i helse- og velværebransjen som tilbyr moderne treningsmoglegheiter i eit motiverande miljø. Den primære målgruppa er kvinner og menn som likar å vere i eit triveleg sosialt miljø, der treninga ikkje blir målt etter storleiken på musklane. Vi skal tilby ei unik løysing til kvar kunde utifrå deira målsetjingar og behov. Dette skal for kunden vere ei morosam og god oppleving. Vi vil og påpeike at vi arbeider imot og tek avstand frå alle former for doping.

Vi tilbyr mosjonsretta trening i ulike former. Du kan anten trene individuelt på styrke- og kondisjonsmaskiner, eller i grupper under leiing av ein instruktør.

Vi har blant anna desse fellesøktene i grupper: sykkel, styrke, bootcamp, yoga, step/styrke, corebar, bodypump, høg puls/styrke, HIIT og sirkeltrening. Kom til oss og tren i eit lyst og velutstyrt treningssenter med moderne maskiner og ein flott utsikt over den storslagne naturen vår. Vi har eit rikt tilbod av både styrke- og kondisjonsmaskiner. Senteret tilbyr og ei velutstyrt avdeling for frie vekter. Som medlem hjå oss får du tilbud om eit personleg tilpassa treningsprogram av ein personleg trenar.

Vi ynskjer dykk alle velkomne til Årdal Gym!

Kontakt oss

Årdal Gym
Elvavegen 4
6884 Øvre Årdal

Tlf: 451 60 031 ( i resepsjonens åpningstider)
Epost: post@ardalgym.no

Bilder frå treningssenteret

resepsjon